Bondestudent, kameleon og papegøye

I 2013 var det 130 år sidan romanen "Bondestudentar" vart utgitt. Rett nok hadde romanen gått som føljetong i forfattarens eiga avis, Fedraheimen, men sjølve boka kom ut i 1883 og blei den 32-årige Arne Garborg sitt kunstnariske gjennombrot. Men boka er òg ein milepæl i den norske språkhistoria - den første viktige romanen på nynorsk - og fekk merksemd frå den intellektuelle eliten både i Noreg og Danmark. Etter "Bondestudentar" måtte det vera klart for dei fleste at Arne Garborg var ei kraft å rekna med. Boka har heile tida sidan vore ein av dei mest brukte i skuleverket.

Det er ein naturalistisk roman, ei skildring av eit forsøk på å kryssa samfunnsklassane. At «bondestudentar» var noko for seg sjølv, vert tydeleg i rikmannssonen Alexander Kielland sitt brev til sin rogalandske forfattarkollega:

Aldrig har jeg havt nogen anelse om, at der i de kredse virkelig levedes saa ondt og sultedes saa jævnt.

Den sjølvberga Kielland studerte juss hos amtmannen, medan Garborg gjekk på Heltbergs studentfabrikk (som Jonas Lie, Bjørnstjerne Bjørnsson, Henrik Ibsen og A.O. Vinje) og måtte som fleire andre bondesøner leva frå hand til munn, på tørt brød betalt med lånte pengar. Skildringane av svoltne studentar og unge intellektuelle føregriper Knut Hamsun sin «Sult».

«Bondestudentar» er historia om jærbuen Daniel Braut, guten som var så flink til å forstå kva svar læraren var ute etter at han fekk høve til å studera. Som student vart han det Geir Mork kalla for ein «kameleon», han etterapte autoritetane for å klatra på den sosiale rangstigen.

Det er ikkje tvil om at Arne Garborg har lånt av eigne erfaringar i romanen om Daniel Braut. Blant studievenene kom Garborg i kontakt med «Noregs første sosialist», Olaus Fjørtoft (som låner trekk til Fram i romanen, og Garborg oppkalla sonen sin etter han), og diskuterer mange sider ved 1800-talets Noreg.

 

Skrive av Ørjan Zazzera Johansen