Vil du vera med og fylla bokhylla i Nasjonalt Garborgsenter?
Garborgsenteret har som mål å fremja interessa for Arne og Hulda Garborg og deira tankar og visjonar. Senteret skal inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa. Me held nå for fullt på med planlegginga av den faste utstillinga som skal opna i 2012.
Eit viktig element i utstillinga er ei stor bokhylle. Bokhylla skal delvis vera open slik at besøkande kan ta ut bøker og lesa i dei. Bøker som er spesielt verdfulle eller som er til «dekorasjon», vert dekte med glas.
Utfordringa vår er nå å skaffa dei bøkene som skal vera i bokhylla.
Har du nokre bøker heime? Vil du vera med og bidra?
——————————————————————————–
BØKER ME ØNSKJER
Litteratur av og om Arne og Hulda Garborg.
Utgivingar av og om andre forfattarar/kunstnarar som Arne og Hulda hadde kontakt med eller kjennskap til.
Tidsaktuelle bøker frå 1851 til 1934, som omhandlar tema som Arne og Hulda var opptatt av.
Barnebøker relatert til Arne og Hulda.
Me ønskjer sjølvsagt å få inn så mange bøker som muleg. Likevel er det jo ikkje sikkert at me får brukt alle bøkene. Ønskjer du då di bok i retur? Legg ein lapp i boka med namn og kontaktinfo slik at me kan returnera boka.
Me set umåteleg stor pris på ditt bidrag!!
Har du spørsmål eller andre bøker du meiner kan vera av interesse for Garborgsenteret?
Ta i så fall direkte kontakt med oss på e-post post@garborg.no eller telefon 904 75 656.
——————————————————————————–
SLIK LEVERER DU BØKENE
Du kan levera bøkene på følgjande bibliotek:
Randaberg, Stavanger, Sandnes, Sola, Klepp, Time, Hå og Gjesdal
Eller senda dei per post til:
Jærmuseet
Nasjonalt Garborgsenter
Postboks 250
4367 Nærbø
Eller senda dei som leveranse til
Nasjonalt Garborgsenter
Hetlandsgata 11
4340 Bryne
——————————————————————————–
BOKEKSEMPEL
Forutan bøker skrive av og om Arne og Hulda Garborg finn du eksempel på kva me ønskjer oss nedanfor. Står det ikkje noko bak forfattarnamnet så er me interessert i alt av og om desse forfattarane så lenge det har relevans for Arne og Hulda:
Aasen, Ivar
Andreas-Salomé, Lou. Bok om Nietzsche
Andreas-Salomé, Lou. Im Kampf um Gott
Anker, Nini Roll. Var venninne av Hulda Garborg. Noveller og romanar av ho er interessante. T.d. Piken og Lill-Anna og andre
Arndt, Johan. Den sande Christendom
Asbjørnsen, Peter Christen
Aukrust, Olav
Bang, Hans. Om fradragsposterne ved skatteligningen
Bang, Herman. Kva som helst av han frå rundt 1890, og hans essays frå tida i Noreg.
Baudelaire, Charles
Bay, Rudolph. Rudolph Bay i Algier og Italien 1816-21
Bay, Rudolph. Sentimental Reise gjennom Europa til Algier
Benedictsson, Victoria / Ahlgren, Ernst
Bibelen
Bjørnson, Bjørnstjerne. Alt, men i alle fall Bondefortellinger, Over Ævne, Første stykke og Maria Stuart
Blix, Elias
Bourget, Paul
Bojer, Johan. Den siste viking
Bojer, Johan. Vår egen stamme
Bradford, Roark og Connelly, Marc. Guds grønne enge. (Skodespel)
Brandes, Edvard
Brandes, Georg
Bredsdorff, Elias (1974) Den store nordiske krig om seksualmoralen. Oslo: Gyldendal
Brorson, Hans Adolf
Bukdahl, Jørgen. Norsk national Kunst
Bull, Francis (1960) Nordisk kunstnerliv i Rom. Oslo: Gyldendal
Bull, Trygve (1955/1968) Mot Dag og Erling Falk. Bidrag til norsk historie i mellomkrigstiden. Oslo: Cappelen
Collett, Camilla
Collin, Christen
Comte, August
Dante
Darwin, Charles
Dostojevski, Fjodor. Alt, på norsk-dansk eller tysk
Dumas, Alexandre
Dybfest, Arne
Egede, Hans. Egedes Dagbog i Udtog
Erichsen, Andreas Emil (1868) Norsk læsebog. B.1.
Fjørtoft, Olaus
Finne, Gabriel
Fosli, Halvor (1994) Kristianiabohemen. Byen, miljøet, menneska. Oslo: Samlaget
Geijerstam, Gustaf af
George, Henry. Alt av han og om georgismen
Goethe, Johann Wolfgang von. Alt, men særleg (1999) Italiensk reise. Oversatt og med forord av Sverre Dahl. Oslo: Pax
Gandhi, Mahatma. Skrifter før 1934
Gran, Gerhard. Rousseau
Gran, Gerhard, o.a. (red). Samtiden, alle årgangar fram til 1934
Grundtvig, Nikolai Frederik Severin
Gylseth, Christopher Hals (2006) En forbannet svartsmusket redaktør! Olav Thommesen og hans tid. Oslo: Tiden
Hagen, Ingeborg Refling (1924) Valvarsel
Hallager, M. M. Hallagers Danske Læsebog for de første Begyndere
Hansen, Mauritz
Hansson, Laura Marholm (1894) Kvindernes Bog. Seks Portrætter. Oversatt fra tysk av Olaf Broch. Kristiania: Aschehoug/ Marholm, Laura (1894) Das Buch der Frauen. Zeitpsykologische Porträits. Leipzig: Albert Langen
Hansson, Ola. Alt, men særleg Parias
Hauge, Hans Nielsen
Hauptmann, Gerhart. Alt, men særleg skodespel – alt til 1934 på tysk. Også Hannemor som Hulda har omsett
Heuch, Johan Christian
Holberg, Ludvig. Jeppe paa Bjerget
Hobsbawm, Eric J. (1990) Nations and nationalism since 1780. Programme, myth, reality. Cambridge: Cambridge Unversity Press
Hoem, Edvard (2009) Villskapens år. Bjørnstjerne Bjørnson 1832-1875. Oslo: Oktober
Hoem, Edvard (2010) Vennskap i storm. Bjørnstjerne Bjørnson 1875-1889. Oslo: Oktober
Holst, Cathrine (2009) Hva er feminisme? Oslo: Universitetsforlaget
Hovdenakk, Sindre (2007) Alt er politikk. Hagbard Berner og hans tid. Oslo: Samlaget
Hummer, Lars. Sandferdig Beskrivelse over den fordum berømte Hammer by (…)
Huysmans, Joris-Karl
Ibsen, Henrik. Alt, men særleg Et Dukkehjem, Gengangere og Brand
Ingemann, Bernhard Severin
Ingersoll, Robert (1883/1886) Tænk selv! Nogle få punkter af det gamle og nye testamente kort belyst. Oversatt og med forord av Bjørnstjerne Bjørnson. 2. utg. Kristiania: Huseby & Co
Ipsen, Alfred
Jaabæk, Søren
Janson, Kristoffer
Janssen, Carl Emil. En Grønlandspræsts Optægnelser 1844-49
Johansen, David Monrad. Tidlege musikkverk (fram til 1834)
Johansen, Kristin (1998) Hvis kvinner ville være kvinner. Sigrid Undset, hennes samtid og kvinnespørsmålet. Oslo: Aschehoug
Jæger, Hans
Kardec, Allan. Verk om spiritismen
Key, Ellen. Hennar bøker om barn, kvinnesak og om heimestell/innreiing
Kielland, Kitty
Kierkegaard, Søren
Krapotkin, Peter. Litteratur både om og av.
Krishnamurti, Jiddu. Bøker om og av.
Krohg, Christian. Alt, men særleg Kampen for tilværelsen. Finst i nyutgåve med illustrasjonar, med forord av Holger Kofoed.
Lhande, Pierre. Fransk-baskisk ordbok
Lhande, Pierre (Heguy). Mirentchu
Loti, Pierre. Ramuntcho
Mauland, Torkell
Mill, John Stuart
Moe, Jørgen
Molière. Alt, og gjerne på fransk.
Monrad, Marcus Jacob
Mortensson-Egnund, Ivar
Møller, Arvid (1973) Anders fra Underdalen. Oslo: Lutherstiftelsen
Nansen, Fridtjof. Fram over Polhavet.
Nexø, Martin Andersen. Damsgårds-folki
Nietzsche, Friedrich
Obstfelder, Sigbjørn
Oehlenschläger, Adam Gottlob
Olvik, Ole
Parelius, Fredrik. Urskogens fredløse
Paul, Adolf. Strindberg-minnen
Raknes, Ola. Bøker før 1934
Rasmussen, Knud. Myter og sagn fra Grønland
Renan, Ernest
Richardson, Bok om reformdrakt.
Ring, Barbra. Ho var ei nær venninne av Hulda, så alle romanar og noveller av ho er interessante.
Ring, Barbra. Mennesket Fernanda Nissen (Biografi)
Rink, H. Tales and traditions of the Eskimo (…)
Rudeng, Erik (19??) William Nygaard.
Sandemose, Aksel. En flyktning krysser sitt spor
Schelderup, Kristian. Filosofi
Seland, Hans
Shakespeare, William. Alt, men i alle fall Ein midsumarnatt-draum
Skou, Martin Johan Mathiassen
Skram, Amalie
Spencer, Herbert
Smith, Stephen (1907) Norsk kvindeforening til dyrenes beskyttelse
Smith, Stephen F. Vivisection, An Independent Medical View
Smith, Stephen (red.). Fruitless Experiment. An Examination and Critical Analysis of the Claims Advanced on behalf of Vivisection
Stanley, Henry Morton. I det mørkeste Afrika I-II
Steinsvik, Rasmus
Stenseth, Bodil (1993) En norsk elite. Nasjonsbyggerne på Lysaker 1890-1940. Oslo: Aschehoug
Strindberg, August
Sørensen, Øystein (1984) 1880-årene. Ti år som rystet Norge. Oslo: Universitetsforlaget
Sørensen, Øystein (????) Kampen om Norges sjel. Norsk idéhistorie bd. 3. Oslo: Aschehoug
Taine, Hippolyte Adolphe
Thue, Henning Junghans (1846) Læsebok i modersmaalet for norske og danske, tilligemed en exempelsamling af den svenske litteratur og med æsthetiske og litteraturhistoriske oplysninger.
Thuren, H. Folkesangen paa Færøerne
Tolstoy, Leo
Turgenjev, Ivan S. Fedre og sønner
Turgenjev, Ivan S. Rudin
Vinje, Aasmund Olavsson
Weininger, Otto (1903) Geschlecht und Charakter, på tysk. (Kjøn og Charakter, dansk utgave i 1905, norsk først i 1977)
Welhaven, Johan Sebastian
Wergeland, Henrik
Wichstrøm, Anne (1997) Kvinneliv. Kunstnerliv. Kvinnelige malere i Noreg før 1900. Oslo: Gyldendal
Wichstrøm, Anne (1988) Oda Krohg. Et kunstnerliv. Oslo: Gyldendal
Winsnes, Hanna
Witt-Brattström, Ebba «Inledning. Lou Salomé – Människan som kvinna» i Andreas-Salomé (1995) Erotik och narcissism. Lou Andreas-Salomé i utval. Stockholm: Natur och Kultur
Witt-Brattström, Ebba (2007) Dekadensens kön. Ola Hansson och Laura Marholm. Stockholm: Norstedts
Zola, Emile
Ørjaseter, Tore. Alt fram til 1934
Østerud, Øyvind (1994) Hva er nasjonalisme? Oslo: Universitetsforlaget
??. Sigmund Brestesons saga
Dei nytestamentlege evangelia i landsmålsutgåve
Samtidige bøker om mirakelet i Lourdes
Tidsaktuelle bøker (frå 1851 til 1934) som omhandlar tema Arne og Hulda var opptekne av kan vera bøker om:
Språk, politikk, kultur, dans, klesdrakter, husstell, kvinner sine rettar, likestilling, sosiale forhold, livssyn og tru/religion.
NB! Lista er ikkje uttømmande. Kom gjerne med forslag om det er noko me ikkje har teke med her!