Bok om Garborgs barndom og oppvekst

Her er boka om den litle Garborg. Det nye er at dette ikkje berre er ei bok om barn, men for barn. «Då Arne Garborg var liten» er ei allalderbok, skriven for å underhalda og å gje kunnskap, for barn og vaksne. Her kan ungane kjenna seg igjen i tankane og grubleriane til den litle Arne, som då heitte Aadne, samstundes som ein får innblikk i korleis det var å veksa opp på Jæren for hundreogfemti år sidan.

Diktaren vaks opp på Garborgåsen, sør i Time kommune, med det strev som fulgte ein odelsgut, med bestefar, småsysken, mor og ein far som etterkvart vart psykisk sjuk. Me følgjer Aadne i kvardagslivet, i smågutens undring over verda ikring seg, men òg i kampen om å få vera seg sjølv, «boksjuk» som han jo var.

At diktaren hadde ein vanskeleg oppveks og forlot heimegarden allereie som sektenåring er velkjent, men i boka får me følga han frå tida før farens sjukdom, gjennom gode og vonde stunder, frå det å få ris etter å ha gjort ein rampestrek til å steika potetskiver i lag med mor.

Forfattaren av boka, Sigbjørn Reime, er ein mangeårig og særs populær kulturformidlar i Time kommune. Han har også tidlegare skrive biografisk om Arne Garborg, via bøker om diktarheimane Knudaheio («Heime att…») og Garborgheimen («Heimen er både vond og god…»). Det er òg Reime som står bak dei språkmoderniserte utgåvene av m.a. Haugtussa og Fred. Det er vanskeleg å tenka seg nokon andre som kunne ha det same gode utgangspunktet for å fortelja om Aadne sin oppvekst. Forfattaren har tatt utgangspunkt i Garborg sine eigne minne, henta ifrå dagbøker, brev og andres observasjonar av livet i Garborgheimen.

«Boka er flott,» seier Inger Undheim, avdelingsleiar på Garborgsenteret. «Ho er spennande og rørande. Me har prøvd og sett koss ho trollbind ungar, ja dei vaksne òg. Ho er god til høgtlesning. Boka tek opp løgne, men òg vanskelege emne, og dette fungerer svært godt. Historia er fortalt ut frå barns synsvinkel og i eit språk barn gjenkjenner seg i.»

Teksten er krydra med korte, lettfattelege og velplasserte sitat frå Garborg sin litteratur, og illustrert med flotte, koselege teikningar av Svein Skarbøvik. Her er artiklar frå Stavanger Aftenblad og Jærbladet.

Då Arne Garborg var litenTekst: Sigbjørn Reime. Illustrasjon: Svein Skarbøvik.

Laurdag 15.12. vert det bokprat med forfattaren på Garborgsenteret kl 13.00. Les meir

Skrive av Ørjan Johansen