Besøk på Nasjonalbiblioteket

Sist veke var Garborgsenteret på Nasjonalbiblioteket med vår mann frå Media Farm. Der leitte me etter handskrifter og bilde til bruk i utstillinga, og me koste oss på spesiallesesalen blant handskrivne originalmanuskript, gamle bilde og kjærleiksbrev.

Dei fleste manuskripta inneheldt tallause rettingar, og det gav eit inntrykk av å koma svært nær forfattarane, meiner leiar for Garborgsenteret, Inger Undheim.

Utstillingsleiar Gunhild Hammeraas ved Garborgsenteret legg til at det var overraskande å lesa breva mellom Arne Garborg og sonen. Særleg det å sjå koss dei signerte breva var interessant, at faren signerte med «Fatter» eller «Father» (uklar handskrift) og at sonen ønskte å bli kalla Aadne (døypt Arne Olaus Fjørtoft Garborg, oftast kalla Tuften).

Gjennom brevvekslinga mellom Arne og Hulda Garborg kan ein følgja ei rørande kjærleikshistorie mellom ein litt upraktisk og surrete mann, og ei driftig kvinne, fortel museumslektor Jorunn Osland. Ho blei sjarmert av skildringane av samlivet og kvardagen til ekteparet, og merka seg spesielt koss endringane i forholdet kom til uttrykk i helsingane – frå «Kjære hr. Garborg» til «Kjære gutten min».

Inger Undheim trekker fram brevet frå Arne til Hulda der han lurer på om det ikkje finst nokon lettare «metode» for å få gjort unna oppvasken, då har han prøvd å gjera det etter hennar instruksar, og finn det frykteleg tungvint. Den omsorgsfulle tonen i breva mellom dei to er noko av det som gjorde mest inntrykk på henne, mens Vilhelm vart overraska over humoren i breva, og lengten som ligg i orda og mellom linjene.

Etter ein lærerik tur og eit spennande og overraskande nært møte med Arne og Hulda, konkluderer Vilhelm med at det er fantastisk at slike originale handskrifter og gamle bilde blir tatt vare på av Nasjonalbiblioteket. Koss skal ein ta vare på slikt i framtida, når alt nå ligg på passordbeskytta e-postar og harddiskar?

 

dsc_0484

Det var spesielt å få halda i dei originale manuskripta til Hulda og Arne Garborg, fortel Vilhelm Skjærpe (Media Farm). Det føltest nesten som om blekket akkurat var tørka.