Ny forsking: Arne Garborg sitt hår var tjukkare enn tidlegare antatt

Kitty Kielland sitt måleri av Arne Garborg har i alle år ført til heite diskusjonar kunsthistorikarar imellom. Kvifor måla ho den tynnhåra forfattaren med så tjukt og herleg hår? Stavanger kunstmuseum sette seg føre å løysa mysteriet. Etter lang tids forsking er konklusjonen endeleg klar.

Me kan tydeleg sjå at Arne Garborg her framstår med tjukt hår, trass i at alle fotografi viser at han var tynn i håret eller skalla. Korleis skulle ein forklara dette? Hadde Kitty Kielland slurva? Var det eit «obs, der fekk han visst hår, gitt?» Men det er ingenting som tyder på at Kielland arbeidde på denne måten. Tvert imot var ho veldig nøye med detaljane. Ho hadde ei realistisk innstilling til kunsten og arbeidde lenge med kvart bilde. Ho ville heller aldri ha funne på å gjera nokon vakrare enn dei var.

Så kvifor har Arne Garborg tjukt hår på måleriet frå 1887?

Etter fleire år med grundig gransking av bildet, samt oppdaging av nye kjelder, kan Stavanger kunstmuseum nå bekrefta at Kitty Kiellands gjengiving av verkelegheita var plettfri. Ho slurva ikkje, slik særleg Harriet Backer-ekspertane lenge har hevda. Tvert imot har kunstmuseet konkludert med at Arne Garborg hadde tjukt hår! Det er fotografia som har lurt oss i alle år, det er dei som formidlar usanningar. Heilt sikre blei forskarane først då dei kom over negativet av ekteparet Garborg sitt bryllaupsbilde.

«Eit svært positivt negativ», seier Hanne Beate Ueland, avdelingsdirektør for kunst ved Stavanger kunstmuseum. «Det viser at eit av dei mest kjende fotografia av Arne og Hulda Garborg er ei forfalsking, eller skal me kanskje seia: forvrenging. Fotografen har gjort bruk av ein såkalla «ansiktsforvekslingingsapplikation for mobile og immmobile fotografiapparatusar», eit lite brukt verktøy på 1800-talet, men like fullt tilgjengeleg i Europas største byar. At det også fann vegen til Kristiania har me derimot ikkje visst før nå.»

«Sjå», seier Ueland, «Arne og Hulda Garborg gifta seg same året som Kielland måla Arne. Sjå på håret hans. Ein skulle ikkje tru at det var same personen. I fotografiet ser me tydeleg deira vanlege fysiske kjenneteikn. Arne er tynnhåra og bartekledd. Hulda hadde høgt hår, ei såkalla «heidmarkssåte», veldig populært på åttitalet.»

Ho peiker og forklarer.

«Arne og Hulda var i det heile tatt «in», svært medvitne når det gjeld sjølvframstilling, eller det me i Stavanger brukar å kalla «image». Dei fylgde moten, rett og slett, og passa på å formidla det til omverda. Form og innhald spelte på lag. Geniale hjernar som produserte genial litteratur er innhald. Bart, skallaheit og heidmarkssåte er form. På den måten kom dei inn under huda på folk og nådde fram med bodskapen sin. Ikkje ulikt det moderne popstjerner driv med i dag.»

Det er altså måleriet som formidlar sanninga og ikkje fotografiet, slik ein i alle år har trudd. Men eit nytt spørsmål oppstår: kvifor var fotografiet forfalska? Ville verkeleg Arne Garborg framstå som tynn i håret?

Fjodor Dostojevskij.

«Å ja!» Ueland er ikkje i tvil. «Det skurrar for oss berre fordi det bryt med dagens ideal», seier ho. «I dag er det litt sånn «haha, sjå på han, han er skalla!» På 1800-talet, derimot, var det «wow, sjå på han, han er skalla». Den gongen var skallaheit sett på som eit prov på intelligens. Den store helten var Fjodor Dostojevskij – og så stor var Dostojevskij at både Garborg, med «Bondestudentar», og Hamsun, med «Sult», herma hemningslaust etter han. At nordmennene ikkje vart straffa for dette er ein forbrytelse. I alle høve trudde folk at djup tenking førte til varmeutvikling på issen, med den følgja at håret ikkje treivst.»

Som prov viser Ueland til ein av Garborgs eigne tekstar, «Kolbotnbrev», frå 1890:

«Eg skriv både når eg skriv og når eg kviler; skriv når eg er ute og gjeng; skriv når eg fær meg mat; når eg er barnegjente, når eg les, når eg søv; det myr og masar i heilen min støtt; det er bilæte og tankar, sinne og glede, moro og hat i pinefull skifting; hovudet er som ei maurtuve; det er som heilen glødde og vilde gå i brann.»

«Dette var eit spel for galleriet», seier Ueland. «Når Garborg presenterte seg slik, såg folk føre seg at han mista håret i ein rasande fart. Slik framstilte han seg som eit geni. Ja, det var vanleg at menn som ville framstå som intelligente gjekk utan lue, gjerne på dei kaldaste vinterdagane, og støtt drog handa over panna og klaga over kor mykje dei sveitta. Både Ibsen og Bjørnson var kjende for dette. Obstfelder sette jamvel ut eit rykte om han kunne steika egg på panna si.»

Ho viser ein avisartikkel.

«Då Stavangeren ville skriva om dette, tok Obstfelder fram ei steikepanne. Slik unngjekk han å bli tatt i løgn. Typisk forfattarordspel, altså.»

«Eit anna element som kan ha spelt inn, var den sjeldne frukten appelsin. Den var svært populær og det er mogleg at einskilde ønska kommentarane «sjå så glatt hovudet hans er, akkurat som ein appelsin!» Eg vil leggja til at akkurat dette motivet berre er ein spekulasjon frå mi side.»

Ho viser oss negativet utan ansiktsforvekslingsapplikasjonen, fotografiet av Arne og Hulda slik dei verkeleg såg ut. Synet er sjokkerande, men likskapen til måleriet av Kitty Kielland påtakeleg.

Såg dei verkeleg slik ut? Hadde Arne Garborg så mykje hår?

Han er jo framleis gjenkjenneleg med barten sin, men kvifor tok Hulda på seg denne rolla?

«Ho var glad i gubben sin og ville bidra til å fremja karriera hans. Dessutan var det ein vinn-vinn-situasjon. Antakeleg har ikkje Hulda vore fullt ut komfortabel med å vera tynn i håret, Dostojevskij-idealet gjaldt jo berre for menn. Ho ønska seg nok ei heidmarkssåte, ho som var frå Hedmark.»

Ueland fortel at den endelege rapporten blir presentert under Garborgdagar neste år.

«Eit siste spørsmål», seier eg.

«Fyr laus.»

«Kvifor går Arne i kvinneklede?»

«Og Hulda i mannsklede? Jau, det er noko av det som har imponert oss mest med dette bedraget. Dei har planlagt denne andletsforvekslinga så nøye at ikkje ein detalj har gått dei hus forbi.»

«I Kitty Kiellands ånd, kan me seia?»

«Ja, dette er realisme i høgaste potens.»

Her ser me tydeleg at Kitty Kielland måla Arne Garborg sitt hår slik det verkeleg var. Det originale fotoet er i midten, forfalskinga til høgre.

 

 


PS! Aprilsnarr!