Arne Garborgs soveråd: Kjøp ein revolver!

Arne Garborg sin revolver. Kjelde: Asker museum.

«I dei siste åtte dagane  har dei hatt det med å slå kvarandre i hel. Det var eit nytt mord kvar dag, og stundom vel så det, og alle blad var fulle av lik og blod og knivar og styggedom.»

Dette skriv Arne Garborg i byrjinga av reisebrevet «Soveraader», sendt frå Paris og trykt som føljetong i avisa Fedraheimen 13.-20. februar 1886. Han var i Paris fleire gonger, hadde norske vennar der, som Jonas og Tomasine Lie og målarane Harriet Backer og Kitty Kielland.

«Då eg kom til Pont Neuf, Nybrua, som elles er sine gode 300 år gammal, og som i desse dagar er i ustand, fekk eg på ein plankevegg sjå ein stor plakat. Denne plakaten inneheldt reklame for ei ny bok, Les erreurs de la Guilloutine, og ei teikning som viste eit bilete av eit fælt mord.»

Backer og Kielland dukkar opp i Soveråd, eller «Soveraader», som ho heitte på dåtidas nynorsk. Frykta for innbrot og overfall gjorde at Garborg ikkje fekk sova. Backer og Kielland kom med gode råd, som å telja eller drikka sukkervatn, men Garborg konkluderte sjølv: Det han trong var ein revolver, så han kunne verja seg mot overfall om natta. Då kunne han slappa av og endeleg få sova.

Med stor sjølvironi fortel han om korleis det gjekk då han, engsteleg av kriminaliteten i verdsmetropolen, måtte få hjelp av dei to kunstnarvennane til å kjøpa ein lommerevolver. Damene hadde meir greie på fransk språk og moderne skytevåpen enn Garborg sjølv.

«Eg gav meg over, eg. Det kunne nok ikkje nytta å gjera seg klokare enn ein var; desse kvinnfolka vert etter kvart så vise at det vert uråd å vera til for oss mannfolk.»

Han tok revolveren med seg heim og la han under puta. Nå kunne tjuvane berre koma. Og sjølv kunne han sova.

Trudde han.

Revolveren er i dag på Labråten, Arne og Hulda sin heim i kunstnardalen i Asker, i dag ein del av Asker museum.

«Revolveren kan alle få sjå når dei besøker den spennande, fargerike heimen til Hulda og Arne Garborg», seier museumsbestyrar på Asker museum, Fredrikke Hegnar von Ubisch.

Garborg var i Paris i 1886 for å gjera ferdig Mannfolk, ein roman som skapte mykje bråk og problem for forfattaren då den kom ut nokre månadar seinare. Kitty Kielland måla forfattaren medan han sat heime hos henne og Backer og las korrektur.

Arne Garborg av Kitty Kielland. Ferdigstilt året etter, i 1887. Detalj. Kjelde: Nasjonalgalleriet.

Soveråd er utgitt av Garborgsenteret og kan kjøpast i museumsbutikken. Då får du både originalteksten frå 1886 og ein modernisert versjon av Sigbjørn Reime.

«Denne teksten var lett å modernisera», seier Reime. «Her har me eit døme på at språket er meir statisk enn ein skulle tru. Det er helst rettskrivinga som har endra seg. For øvrig har me her å gjera med ein tekst som er vanvittig godt skriven. Garborg var tidleg ute med å blanda inn element som er blitt vanlege i kriminallitteraturen, det ser me på oppbygginga. Men dette er jo også ein liten humoreske. Garborg viser det mange hardnakka meiner at han ikkje har, nemleg humoristisk sans og sjølvironi.»

Tekstutdraga er henta ifrå Sigbjørn Reime si moderniserte utgåve.