Anna vann Fordjupingsmeisterskapen

Fredag 14. april gjekk Fordjupingsmeisterskapen av stabelen for åttande gong. Då får elevar i tredje klasse i den vidaregåande skulen i Rogaland høve til å konkurrera om kven som er best i norskfaget. I år var sju elevar plukka ut til finalen, tre frå Stavanger katedralskole, to frå Sandnes vgs og éin kvar frå Tryggheim og Skeisvang.

Som vanleg var dette flinke elevar som hadde fordjupa seg i ganske ulike emne. Publikum fekk høyra og læra om TV-seriar, romanar og noveller, dialektendring, bokbading og songtekstar.

Augneblinken: Anna Blikom Vollan får premien frå Garbogsenterets leiar, Inger Undheim. Finalistane f.v.: Stine Lauvås (Sandnes vgs), Rebekka Thu (Tryggheim vgs), Mathea Bø Hansen (Stavanger katedralskole), Nora Steffensen Knudsen (Stavanger katedralskole), Anna Blikom Vollan (Stavanger katdralskole), Johannes Kjosavik (Sandnes vgs) og Thorstein Eike-Laupsås (Skeisvang vgs).

Juryen bestod av professor Hans Kristian Hognestad, førsteamanuensis Margrethe Sønneland, tidlegare biblioteksjef Aud Søyland Kristensen og Garborgsenterets Ørjan Zazzera Johansen. Dei fekk ein vanskeleg jobb, men valde Anna Blikom Vollan frå Stavanger katedralskole som vinnar for 2023. Ho holdt eit imponerande foredrag om artisten Björk sine tekstar analysert ved hjelp av feministisk litteraturteori. Premien var 3000 kroner frå Garborgsenteret og eit diplom der juryen si grunngjeving stod formulert:

«Vinnaren brukar utradisjonell teori på utradisjonelle tekstar. Det teoretiske nivået er høgt, og presentasjonen er klar og forståeleg også for folk som ikkje kjenner det teoretiske landskapet. Analysen inneheld interessante språklege poeng, og i den avsluttande samtalen får me innsyn i korleis teorien kan vera utilstrekkeleg i møtet med poetiske uttrykk.»

Det var fjerde gongen at vinnaren kom frå Stavanger katedralskole.

Johannes Kjosavik frå Sandnes vgs fekk Garborgprisen for eit flott foredrag om TV-serien «The Boys» som politisk satire.

F.v.: Fordjupingsmeister Anna Blikom Vollan, leiar av Garborgsenteret og dagens konferansier, Inger Undheim, og vinnaren av Garborgprisen, Johannes Kjosavik.

LISTE OVER FORDJUPINGSMEISTRANE
2023 Anna Blikom Vollan, Stavanger katedralskole
2022 Synne Jørgensen, Vågen vgs
2021 Aleksander Østensen, Stavanger Katedralskole
2019 Telma Eckhoff Dagestad, Stavanger katedralskole
2018 Ingaler Borg, Vågen vgs
2017 David Gulaker, Sandnes vgs
2016 Marita Holstad Haugstad, Stavanger katedralskole
2015 Martin Værum Anda, Vågen vgs

Foto: Gunhild Hammeras, Garborgsenteret.