Alf Buestreng

Visste du at Arne Garborg skreiv under psevdonym?

Frå han var 20 til 22 år og redaktør i to aviser samstundes, Tvedestrandsposten og Lærer-standens avis, signerte han nokre av sine humoristiske og lyriske avisartiklar med «Alf Buestreng». Det var ei krevjande tid for han, som var ung og hadde starta opp avis i lag med ein trykkarsvenn, Isaksen, som var minst like ung.

Garborg skreiv så godt som alle artiklane sjølv, og det kunne vera vanskeleg å få idear nok. For at avisa skulle bli klar til morgonen, blei kveldane ofte lange – og utpå natta hendte det at Arne måtte dikta med trykketypane rett på pressa for at det skulle gå fort nok.

Vanlegvis stod han ved sida av pressa og skreiv på papir, som han rakk til trykkaren, og det hendte at han sovna medan han skreiv. Då dunka Isaksen borti han med verktøy eller lause jerndelar frå pressa og ropte «mer manuskript!» Ein gong sov Garborg så tungt at han ikkje lét seg vekka, men Isaksen fann ein papirlapp på golvet som Garborg hadde skrive på og brukte den. Neste morgon, den 22. januar i 1873, kunne abonnentane i Tvedestrand lesa følgjande under rubrikken TABT:

Det var, mens den falt, denne sidste sne
Jeg tabte en munter, forrykt idé.
Dens merke var at den manglede hode,
forresten dens antrekk var a la mode.
Jeg tenker den slenger et sted her i staden:
Den ærlige finder – maa gjerne ha den.

Alf Buestreng

Garborg og Isaksen var gode vennar, sjølv om det krevjande arbeidet medførte ein del krangling, og dei tok seg gjerne ein fest i lag. Ein gong skal det ha blitt så fuktig at Garborg ikkje klarte å finna senga – og la seg i komfyren i staden.

Våren 1873 reiste han vidare til Kristiania for «å studera eller døy», som han sa. Same året trykka Isaksen den første boka hans, Smaa-stubber af Alf Buestreng. Stubbane var tekstar Garborg først hadde publisert i avisene.

Foto: Arne Garborg som student, omkring 1875 (kjelde: tidsaand.no.).