Wonderful Tour: KI og språket

26. mars 19.00
Storsalen
100,-

Då ChatGPT blie lansert for eit par år sidan, blei mange tatt fullstendig på senga av det oppsiktsvekkande høge nivået til dei såkalla generative språkmodellane. På sekund kunne me skapa tekstar på høgt nivå om alle slags emne, og chatboten kunne «forstå» instruksane våre slik at me tilsynelatende kunne føra ein fornuftig samtale med han.

På kort tid har kunstig intelligens blitt eit verktøy som blir  flittig brukt i både i arbeidslivet og skole og utdanning. Hva betyr dette for språket? Kva betyr det for språkopplæringa? Og kva med alle som jobbar med språk? Er det først og fremst eit nyttig og tidsbesparande verktøy? Eller er KI eit trugsmål mot sjølvvstendig refleksjon og menneskeleg kreativitet? Kva betyr det for mindre språksamfunn som det norske?

Me inviterer til samtale om kva de generative språkmodellane kan gjera med språket vårt.

I panelet:
Åse Wetås, direktør i Språkrådet
Margrethe Sønneland, førsteamanuensis i norsk ved UiS, forskar på KI i tekstskaping og litteraturundervising
Mie Hidle, lektor og idéhistorikar
Odin Hetland Nøsen, rådgivar for skule hos kommunalsjef for oppvekst i Randaberg kommune. Han har hovudansvar for IT i skulen, og rulla ut løysinga «KI i Randabergskolen» i 2023

Programleiar:
Kristine M. Stensland, journalist i Aftenbladet

Fleire deltakerar kjem.

Gratis inngang for de som har kjøpt festivalpass til Wonderful World!