Vigdis Hjorth: Hva er å komme hjem?

Foredrag.

22. september 2021 20.00
Storstova
200,-
Vigdis Hjorths roman Arv og miljø (2016) førte til ein opprivande debatt om røyndomslitteratur i Noreg. I 2020 fortsette ho å utforska forholdet mellom mor og dotter i romanen Er mor død. I romanens kolofon er Arne Garborgs roman Den bortkomne faderen oppgitt som inspirasjonskjelde. I foredraget “Hva er å komme hjem?” snakkar ho om Er mor død i lys av særleg Den bortkomne faderen, men også Henrik Ibsens drama Samfunnets støtter.
Hjorth har stått fram som ein av dei mest markante forfattarane i vår tid og har vunne mange prisar for forfattarskapen sin. Ho er også ein glitrande foredragshaldar. Romanen Arv og miljø vant Bokhandlerprisen 2016, og blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. I Noreg er boka trykt i eit opplag på over 150 000 eksemplar, og seld til heile 27 land, mellom anna Aserbajdsjan, Brasil, Egypt, Frankrike, Russland, Spania, USA og Sør-Korea.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Kapittel 21 og Garbordagar.
Kjøp billettar her
Garborgdagar 2021 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune og Rogaland forfattarlag.
Foto: Sara Angelica Spelling.