Utstillingsopning i Garborgheimen

Fredag 28. juni kl. 14

28. juni 14.00
Garborgheimen
Gratis

Hjarteleg velkommen til opning av den nyreviderte miljøutstillinga i Arne
Garborgs barndomsheim på Garborg.

Hovudmålet med revideringsarbeidet har vore å få betre fram korleis loftet
vart brukt då Garborg-familien budde i huset. Du får blant anna sjå og høyra
historia om den originale hovudinngangsdøra til Garborgheimen, som vart
redda ut av ein konteinar for snart femti år sidan.

Under opninga vert det også orientert om det utvendige restaureringsarbeidet
som er gjort på Garborgheimen dei siste åra.
Servering av potetkaker og kaffi i hagen.

Vel møtt!

Beste helsing Garborgsenteret Utstillinga er støtta av
Sparebankstiftelsen SR-bank.