Spel Treskomysteriet i vinterferien! Garborgsenteret er ope måndag til laurdag kl. 10-15. Laurdag 2. mars har me gratis inngang!
Treskomysteriet er eit escaperom-inspirert mysterium for heile familien! Varigheit ca. 30-60 minutt.
De må hjelpa Arne Garborg med å finna treskoa, han maktar nemleg ikkje å skriva utan perfekt temperatur på føtene! Nå manglar han berre det siste ordet i den siste linja i det siste diktet i den nye boka si, og begynner å bli desperat!
Leit etter spor i Knudaheio og på lensmannskontoret, på dampskipkaia og andre stader. Lukke til!
PS! Treskomysteriet er ein del av utstillinga på Garborgsenteret. Den faste utstillinga, «Mot til å meina, styrke til å skapa» er også tilgjengeleg.