Signe Irene og Anders syng inn jula på Garborgsenteret

5. desember 2020 15:00
100,-

Det er andre lørdag i advent og kva er vel meir stemningssettande enn julete musikk no i førjulstida? Vokalist Signe Irene Time og pianist Anders Brunvær Hauge gjestar Garborgsenteret med både eldgamal, gamal og ny julemusikk, og det inviteres herved til ein festleg og sjarmerande, rolig og behageleg, stemningsfull og triveleg julekonsert på Garborgsenteret!

Signe Irene Time er kjent som ein dyktig songar, bandleiar og komponist frå Nera Time. Hennar formidling vitnar om ein røynd songar som raust byr på seg sjølv og det lunefulle jærske lynnet.

Anders Brunvær Hauge har mange jern i ilden, blant anna som kapellmeister på Rogaland Teater kor han gjer ein fabelaktig jobb. Han dukkar også ofte opp på scenar med de mange Stavanger-lokaliserte artistane, som Morten Abel og Tore Renberg.

Kjøp billettar her