Stamceller. Kroppens superheltar.

Foredrag for barn

19. september 2019 17:00
Storsalen
Kr 50 (barn)/100 (vaksne)

Foredrag for barn ved teikneserieforfattar Øystein Runde. Engasjerande, lærerikt og morosamt for ungar i skulealder og nysgjerrige vaksne.

Dette er eit lysbildeshow med live-teikning og dokketeater, basert på faktaboka STAMCELLER. Teikneserieforfattar Øystein Runde snakkar om korleis stamceller kan brukast medisinsk til å reparera alvorlige skader, korleis DNA fungerer, og korleis ein norsk tannkirurg fekk til eit internasjonalt gjennombrudd med stamcellebehandling som kan reparerea skjelettet. Foredraget er laga for barn, men har ein tendens til å vere like bra for vaksne.

Øystein Runde er kjend for å halda gøyale foredrag, og seier: «Eg er glad i å stå på scena, og likar å halde publikum engasjert og involvert.»

Foto øvst: Alexander Qvale Gilje-Gyldendal.