Det aller meste er best på jærsk. Visemusikk er ikkje noko unntak. Torsdag 18. juni får du høyre pianist Bjørge Verbaan og songar Jorunn Undheim framføre favorittviser på jærsk.
Som følgje av smittevernreglane, har vi 40 publikumsplassar. Vi bed dei som vil sitje under konserten om å ta med eigen stol. Vi gjer òg merksam på at det ikkje finst noko toalett å nytte på Knudaheio, og at konserten kjem til å verte spelt under open himmel. Konserten kjem til å vare om lag ein time.
He du fyr: https://www.youtube.com/watch?v=DRec7MywogM
Adle vett jo dæ: https://www.youtube.com/watch?v=Kzgf05gnVBU
Billett: her
Konsertane vert arrangert i lag med Nasjonalt Garborgsenter.