Sommarkveldar på Knudaheio: Splittkonsert Hanne Vasshus/Jorunn Undheim

20. juni 2020 18:00
Knudaheio
300,-

I 2016 gav Hanne Vasshus ut debutalbumet sitt «Oh, so many things» og blei kåra til året Stavangerkunstnar. I 2018 kom albumet «A house» som og har hausta strålande kritikk! I mars 2020 kom Hanne ut med singelen No. 4, som hadde premiere på NRK Rogaland 17. mars. Høyr han her: https://open.spotify.com/album/2hJrF2TbYofLKVG3W7J4PA?si=FxLTzQaOR0udbnExdQOCZg

Laurdag 20. juni tek Hanne med seg eit knippe låtar til Knudaheio, det blir veldig stas!

Arrangementet varer 1,5 time. Som følgje av smittevernreglane, har vi 40 publikumsplassar. Vi bed dei som vil sitje under konserten om å ta med eigen stol. Vi gjer òg merksam på at det ikkje finst noko toalett å nytte på Knudaheio, og at konserten kjem til å verte spelt under open himmel.

Konsertane vert arrangert i lag med Nasjonalt Garborgsenter.

Billett kan du kjøpa her