AVLYST: Slam!

Eit uformelt meisterskap i framføring av historier og tekstar

27. januar 2021 20.30
Mellombels ølstove
100,-

På grunn av koronasituasjonen ser me oss dessverre nøydde til å avlysa årets Garborgdagar 25.-31. januar.

Berre konserten med Hilde Selvikvåg 30. januar og Trette menn-marsjen 31. januar går som planlagt. Me håpar å setta opp einskilde arrangement på eit seinare tidspunkt.

Me beklagar dette, men bed om forståing for den vanskelege situasjonen me alle er i om dagen.

Me kjem tilbake med meir informasjon om eventuell refusjon av billettar.


Inviterte deltakarar får to gonger fem minutt til å framføra eigne tekstar. Sjanger er valfri. Publikum stemmer fram vinnaren, som får ein fin premie. Me ser fram til ein gild kveld med god stemning!

Konferansier er Ørjan Zazzera Johansen.

Arrangør: Garborgdagar og Snakk!

Foto: Tormod Aass.