Garborgdagar 26. januar: Significant Time møter Arne Garborg

Med Signe Irene Time

26. januar 2018 20:00
Garborgsenteret
200,-

Kva om Arne Garborg ennå hadde levd og skulle samarbeida med musikarane i Significant Time om å laga ein konsert på Arne sitt eige Garborgsenter. Korleis hadde det høyrt ut? Kva hadde han vore oppteken av?

Det går det sjølvsagt berre an å tenkja seg til, noko Significant Time allereie har gjort. Jazzkvartetten vil under Garborgdagar gjengje tekstane hans på moderne og friskt vis, sånn dei trur han sjølv hadde likt.

Bandet består av Signe Irene Time (vokal), Øyvind Dale (piano), Fredrik Luhr Dietrichson (bass) og Raymond S. Lavik (trommer).

Billettar kan kjøpast i resepsjonen og på Vipps: #Garborgsenteret.