1. juli 13:00
Spurvatunet Gratis

Ranglerock inviterer for andre året til ein musikalsk familiefestival i Spurvatunet.

Det vert innslag særskilt retta mot barn, men fleire av artistane frå kveldsprogrammet vil og gi smakebitar av folkemusikk, viser, pop og rock. Her er det bare å pakka med piknikk-korga, ungar og bestemor.

Møt artistane Silja Sol, Atlars og Erlend Viken trio.

Etter ranglinga i parken blir det både filmvising og musikkquiz innandørs i lokala til Time bibliotek. Jedo!