Ranglerock, Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter inviterer i år igjen til GRATIS familiefestival laurdag 14. juli, og lovar framifrå stemning for familier med og utan barn når mellom andre den svært namngjetne duoen Meg og kammeraten min kjem for å underhalda.
Små og store er nok ein gong velkomne til å pakka piknik-korgene og koma saman til ein tilbakelent ettermiddag med gras, sol, leik, is, god drøs og god musikk for heile familien i Sporvatunet, parken utanfor Garborgsenteret/Time bibliotek.
Ingen ringare enn Spellemann-nominerte Meg og kammeraten min og 9 grader nord kjem for å gjera kvar sine konsertar. I tillegg blir det snurra barnefilm i kinosalen i biblioteket.
PROGRAM
1200 BARNEFILM I BIBLIOTEKET
1300 MEG OG KAMMERATEN MIN
1415 9 GRADER NORD
Stor, stor takk til vår hovudsponsor Jæren Sparebank, som bidreg sterkt til realiseringa av arrangementet.
Meg og kammeraten min er Martin Hagfors (Meg) og Erik Johannessen (Kammeraten). Martin er kjent som ein av landets mest respekterte låtskrivarar, Erik som trombonist, arrangør og multiinstrumentalist frå blant andre Jaga Jazzist.
Duoen har fått flust av gode omtalar for musikken deira i media. NRK P1 ga albumet Gjenta-jenta, som kom ut i 2016, følgande ypparlege lovord: «En imponerende plate tvers gjennom, snadder for både store og små. Jeg kan ikke huske noen gang å ha hørt en så bred musikalsk plate for barn.» Og Fædrelandsvennen rosa deira siste album Snydelig frå 2017 på følgande måte: «Dette er en plate som tåler å bli hørt mange, mange ganger. Snydelig er nesten Beatles-aktig i sin bredde og variasjon.»
Det er likevel først på konsert at Meg og kammeraten min verkeleg briljerer med framifrå publikumskontakt, smittande speleglede, fascinerande historieforteljing og bunnsolid musisering. Lokalavisa RB/Fire flate skreiv følgande om Meg og kammeraten min på Moldejazz 2016: «Denne barnejazzkonserten er noe av det beste Moldejazz har levert, de har flotte sanger med morsomme, enkle tekster som gjør at både barn og voksne blir med i historien teksten formidler.»
På 9 grader nord finst øya Sri Lanka og byen Jaffna, kor søstrene Dipha og Mira Thiruchelvam stammar frå. Saman med Jakob Sisselson Hamre og Jakob Sønnesyn utgjer søstreduoen det sjangarsprikande bandet 9 grader nord.
Det unge og energiske bandet har sidan starten i 2015 rokke å framføra sin eksotiske, rytmiske og mystiske musikk på fleire viktige scener i Noreg, blant anna på Festspillene i Bergen, Vill Vill Vest og by:Larm. Og det til stor begeistring og beundring blant Ranglerocks utsende speidarar.
9 grader nord spelar kanskje mykje uvanleg musikk, men det er definitivt uvanleg mykje å gleda seg til.