Garborgdagar 2022: Øyvind Rimbereid og Ingrid Nielsen

Heimfødingar

29. januar 2022 15.00
Mellombels, Bryne torg
Gratis

Opplesingar med Øyvind Rimbereid og Ingrid Nielsen.

Heimfødingar er eit konsept kor me får bli kjende med nokre av dei lokale forfattarstemmane og kanskje få augo opp for den litteraturen som blir skriven i Rogaland i dag.

Ingrid Nielsen (f. 1968) kjem frå Stavanger og debuterte i 2016 med diktsamlinga “Hemmelig, men aldri som en tyv”. “Den andre Jakobstigen” kom ut i 2020. «Poetisk universalkur mot pandemi og alle andre plager», skreiv Aftenbladets meldar. Boka vart også nominert til Ungdommens kritikerpris. Nilsen er litteraturvitar og tilsett ved Lesesenteret på UiS.

Øyvind Rimbereid (f.1966) er ein av Noregs mest markerte og nyskapande forfattarar. Han debuterte i 1993 og har sidan gitt ut 13 verk. Han har vunne fleire prisar, mellom anna Dobloug-prisen og Brageprisen, og er to gonger nominert til Nordisk råds litteraturpris.

Konferansierar er Peter F. Strassegger og Ørjan Zazzera Johansen.

Gratis inngang. Men du må registrera deg ved å tinga gratisbillett på denne lenka:
https://mellombels.ticketco.events/no/nb/e/heimfodingar

Foto Rimbereid: Nikita Solenov; Nielsen: Kjersti Dahl.