Offisiell opning av Garborgløypa og aktivitetsdag i Knudaheio 24. april

24. april 2016 12:00
Knudaheio
gratis

Garborgløypa er ei digital formidlingsløype i Knudaheio, Garborgheimen og Time kyrkje.

Nærmare 60 QR-kode-punkt blir plassert ut i landskapet og inne i hus og kyrkje. Ved hjelp av ein smarttelefon eller nettbrett kan publikum sjå filmsnuttar eller høyra på lydspor. Innhaldet er henta frå meisterverka Haugtussa og Fred, samt dagbøker og den sjølvbiografiske boka Knudaheibrev.

Den offisielle opninga av Garborgløypa skjer i Knudaheio ved steinhovudet sundag 24. april kl. 12. Same dag vil det òg vera aktivitetsdag i Knudaheio med blant anna dragebygging og styltebygging.

Foto: Alexander Kristiansen, Filmavdelingen

Garborgløypa fomidlar Arne Garborg si litterære skattkiste der som ho høyrer mest heime, i landskapet som inspirerte han og som han såg føre seg når han skreiv. Tekstane vert presentert gjennom film og lydfiler av skodespelarar som representerer forfattaren sjølv, familien eller litterære superstjerner som Veslemøy og Enok Hove.

Noko av det nyskapande med Garborgløypa er at mediefilene vert knytt til den spesifikke staden der punkta står. Innhaldet i lydfilene gjenspeglar utsynet, og filmane er laga slik at figurane dukkar opp i landskapet like framfor sjåaren. Brått sit Arne Garborg på benken ved sidan av deg og snakkar, eller Veslemøy dansar på stien du går på. Landskapet utgjer ei fortsetjing av bildet på skjermen, noko som styrkar nærværet til både litteraturen.

Du får oppleva Arne Garborg sin bejubla naturlyrikk, men òg psykologisk drama, barndomsminne og skildring av Jæren og jærbuen.

Ein liten dose absurd komikk følgjer med. Garborgløypa er full av overraskingar og passar like godt for barnefamilien som for den litteratur-, kultur- eller naturinteresserte.

Mediefilene er produsert av Filmavdelingen AS i samarbeid med Garborgsenteret. Mellom skodespelarane finn me Vegar Hoel i rolla som Enok Hove, Karin Hodne som Veslemøy og Ørjan Zazzera Johansen som Arne Garborg.

Les meir her (nrk.no) og her (jbl.no, krev abonnement). Sjå døme her.

På opningsdagen vert det servert saft og kaker. Ta gjerne med niste og kaffi! Undheimsmiå er òg open, der er det enkel matservering og kunstutstilling.