Nynorsk litteraturhistorie

Laurdagstimen

29. september 2018 13:00
Storsalen
100,-

Laurdag 29. september kl. 13 kjem professor Jan Inge Sørbø til Garborgsenteret/Time bibliotek for å halda foredrag om sitt nye bokverk Nynorsk litteraturhistorie. Mellom forfattarane han løftar fram, er Arne og Hulda Garborg, Torvald Tu, Alfred Hauge, Einar Økland, Tor Obrestad, Åse-Marie Nesse, Helge Torvund og Nils Henrik Smith, som alle har nær tilknyting til Jæren.

Sørbø er professor på Høgskulen i Volda og forfattar, litteraturvitar og journalist. Han har mellom anna skrive biografi om Arne Garborg. De kan lesa meir om han på Wikipedia.

I Nynorsk litteraturhistorie gjev han eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur. Han viser korleis nynorske forfattarar både har forma dei litterære normene i periodane dei levde i – og opponert mot dei. Aasen protesterte mot nasjonalromantikken, og Vinje dreiv gjøn med bondeforteljingar og idealiseringa av bøndene. Garborg var ein eksemplarisk naturalist, men braut deretter med denne retninga. Dei nynorske forfattarane var seint ute til høgromantikken, men til gjengjeld var dei modernistiske pionerar.

Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at stemmer og erfaringar frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det har blitt skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkja og snakka på.

Over 150 forfattarskapar er representerte. Boka kjem ut i høve 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget i 2018.

Arr.: Garborgsenteret og Time bibliotek.

Bonus: I samband med dei årlege Forskingsdagane er det museumslaurdag og gratis inngang til utstillinga vår denne dagen.