På grunn av koronasituasjonen ser me oss dessverre nøydde til å avlysa årets Garborgdagar 25.-31. januar.
Berre konserten med Hilde Selvikvåg 30. januar og Trette menn-marsjen 31. januar går som planlagt. Me håpar å setta opp einskilde arrangement på eit seinare tidspunkt.
Me beklagar dette, men bed om forståing for den vanskelege situasjonen me alle er i om dagen.
Me kjem tilbake med meir informasjon om eventuell refusjon av billettar.
Foredrag ved lærar og folkevald Ingrid Fiskaa.
Kva har Arne og Hulda Garborg betydd for henne personleg? Kan dei brukast i dag eller har dei berre historisk interesse?
Brynebuen Ingrid Fiskaa er historikar og lærar i historie og norsk ved Sandnes vgs. Ho var statssekretær i utanriksdepartementet 2009-2012. Sidan 2019 har ho sete i kommunestyret i Time. Ho er Rogaland SV sin førstekandidat til stortingsvalet i 2021 og er ein tydeleg samfunnsdebattant.
Tid: Onsdag 27. januar kl. 19.00
Stad: Garborgsenteret/Time bibliotek, Storsalen
Pris: kr 100
Arrangør: Garborgdagar