Litterær lunsj 12. januar

12. januar 2017 13.00
Kaféen
Gratis

Kva er “jærkrim»? Finst det som eigen sjanger? I så fall, kva kjenneteiknar denne sjangeren? Kva må ei forteljing innehalda, kva krav må ho innfri for å fortena å bli kalla “jærkrim?

Under jærkrim-drøsen arrangert av Tim bibliotek får me selskap av forfattarane Svein F Hestvaag (Død-serien) og Ørjan Zazzera Johansen (Garborgs galningar). Dei to vil dela sine tankar kring omgrepet jærkrim og lesa smakebitar frå forfattarskapet sitt.

Det vert sjølvsagt rom for spørsmål og kommentarar, samt høve til å kjøpa bøker. Kaffien er gratis. Me håpar at alle som likar krim og elskar Jæren finn vegen til oss denne torsdagen!

Foto: Aud Søyland Kristensen/Time bibliotek.