Signe Marie Rustad

Sommarkveldar på Knudaheio

18. juni 2021 18.00
Knudaheio
260,-
I 2019 slapp Signe Marie Rustad det tredje albumet sitt, «When Words Flew Freely», og det vart utropt som årets album av fleire kritikarar og toppa fleire lister. Meldingane var panegyriske, og Dagbladet gav mellom anna ein seksar på terningen. Våren 2020 fekk Rustad Spellemannprisen for beste tekstforfattar.
18. juni kjem Signe Marie Rustad til Sommarkveldar på Knudaheio saman med pianist Bjørge Verbaan. Verbaan har vore fast medlem i bandet til Rustad i ei årrekkje og dei to musikarane har spela saman i fleire prosjekt dei siste 20 åra.
Arrangementet varer 1 time. Som følgje av smittevernreglane, har vi førebels 40 publikumsplassar. Vi bed dei som vil sitje under konserten om å ta med eigen stol. Vi gjer òg merksam på at det ikkje finst noko toalett å nytte på Knudaheio, og at konserten kjem til å verte spelt under open himmel.
Konserten vert arrangert i lag med Nasjonalt Garborgsenter.
Smiegarden på Undheim held ope og serverer forfriskingar fram til 23:00. Ta kontakt med Smiegarden, kultur- og gjestehus om du ønskjer å bestille bord.