Konsert med Tom Roger Aadland

17. oktober 2015 19.30
Time bibliotek/Garborgsenteret
150,-

Konsert for vaksne i samband med at Time bibliotek fyller 5 år. Dette blir tøft!

Rockepoeten Tom Roger Aadland blei lagt merke til for alvor då han gjendikta og song Dylan på nynorsk på albumet Blod på spora. Nå er han er tilbake med si sterkaste samling låtar til nå. Det nye albumet har fått tittelen Rapport frå eit grensehotell (utgiving 23. januar 2015) og dreier seg om menneskeleg einsemd og lengsel etter kjærleik. Det låtar mørkare og meir skittent enn fær; det er meir rock og mindre folk.  Musikken vekslar frå gotiske klanglandskap via sår melankoli til energisk rock. Det er stemningsfullt, mørkt og vakkert, og det er filmatisk. Scenene beveger seg fritt i tid og rom, og snarare enn å fortelja ei historie,  formidlar songene ei stemning. Det er Vestlandsgotikk på sitt vakraste og mest besnærande. Tom Roger Aadland leverer alltid sterke melodiar.

Les meir om Aadland her