Jorddøgn: Field Report

1. oktober 2022 10.00
Storsalen
Gratis

I samband med Jorddøgn 2022 syner Garborgsenteret kortfilmen «Field Report» av kunstnaren Shahrzad Malekian. Filmen varer i sju minutter og kan sjåast i storsalen på Garborgsenteret laurdag 1. oktober mellom klokka 10.00 – 12.00.

I filmen, som er ei blanding av performance og film, iscenesetter kunstnaren seg sjølv medan ho beveger seg gjennom eit variert utsnitt av det jærske landskapet. Ho er iført Felleskjøpet-uniform og eit langt kvitt lerret, og medan ho går kan ein høyre lydar av rørslene hennar og naturen sine eigne lydar rundt, lydar karakteristiske for dette landskapet.

Malekian sin kunst er gjerne kjend for å smelte saman det naturlege og menneskeskapte. Ho har besøkt by og utmark, blant anna London, København og Svalbard, kor ho har skapt kunst i dialog med omgjevnadane. Desse grepa kjenner ein òg att i filmen «Field Report» frå Jæren.

Filmen utforskar både det naturskapte landskapet som rullesteinar og sanddyner, så vel som den menneskelege påverknaden på landskapet, slik som kommersielt landbruk og minner frå 2. verdskrigen. Gjennom å syna fram staden og landskapet, med historikk og infrastruktur, kan verket «Field Report» oppfattast både innan politiske og kunstneriske termer.

Shahrzad Malekian er fødd og oppvaksen i Iran. Ho har studert skulptur på Teheran University of Art (2011), har ei mastergrad i kunst i offentlege rom frå Kunsthøgskulen i Oslo (2019), har jobba med kunstprosjekt i fleire land, og er i dag busett i Oslo kor ho blant anna jobbar i Tenthauskollektivet. Som kunstnar har ho ei tverrfagleg tilnærming og beveger seg i spennet mellom video, performance, skulptur og installasjon.

Produksjonen av filmen er støtta av Kulturrådet.

Cinematografi og redigering: Eivind Egeland

Producer: Shahrzad Malekian Studio

Visningar: kl. 10.00, 10.15, 10.30, 10.45, 11.00, 11.15, 11.30, 11.45.

Tekst: Lillian Utne/Jorddøgn. Foto: Shahrzad Malekian.

 

NB! 1. oktober er den årlege «museumslaurdag» og gratis inngang på Garborgsenteret!