Garborgdagar: Jærbuen – fanatisk moderat eller respektlaus radikalar?

Samtale om jærbuen og jærsk politikk

26. januar 2023 19.00
Storsalen
200,-

«Jærbuen er moderat, og det med fanatisme.» Slik innleier Arne Garborg kapittelet om «Jædersk politik» i artikkelserien «Fra det mørke fastland» frå 1893. Men les me vidare, viser det seg at jærbuen langt frå er moderat. Rett nok er han oppteken av at politikarane skal verna om barnetrua, men elles er han «meir radikal enn dei radikale», meiner Garborg.

Trefte Garborg blink i det politiske portrettet av jærbuen, eller var det ein ugjenkjenneleg karikatur?

Innleiing ved Tom Hetland, politisk kommentator og historikar, tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad.

Samtalen vert leia av Jan Zahl, kulturjournalist i Stavanger Aftenblad, med Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, redaktør i Bondevennen, Torgeir Høien, tidlegare politikar i Time, og Tom Hetland i panelet.

Kjøp billett her

 

Foto av Arne Garborg: K.K. Kleppe