AVLYST: Opningsforedrag med Vigdis Hjorth

Hva er å komme hjem?

25. januar 2021 19.00
Storstova
200,-

På grunn av koronasituasjonen ser me oss dessverre nøydde til å avlysa årets Garborgdagar 25.-31. januar.

Berre konserten med Hilde Selvikvåg 30. januar og Trette menn-marsjen 31. januar går som planlagt. Me håpar å setta opp einskilde arrangement på eit seinare tidspunkt.

Me beklagar dette, men bed om forståing for den vanskelege situasjonen me alle er i om dagen.

Me kjem tilbake med meir informasjon om eventuell refusjon av billettar.


Fire år etter den opprivande debatten om røyndomslitteratur i kjølvatnet av romanen “Arv og miljø” (2016) fortset Vigdis Hjorth å utforska forholdet mellom mor og dotter i sin nyaste roman, “Er mor død”. I romanens kolofon er Arne Garborgs roman “Den bortkomne faderen” oppgitt som inspirasjonskjelde. I foredraget “Hva er å komme hjem?” snakkar ho om “Er mor død” i lys av “Den bortkomne faderen” og Henrik Ibsens drama ”Samfunnets støtter”.

Hjorth har stått fram som ein av dei mest markante forfattarane i vår tid og har vunne mange prisar for forfattarskapen sin. Romanen “Arv og miljø” vant Bokhandlerprisen 2016, og blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. I Noreg er boka trykt i eit opplag på over 150 000 eksemplar, og ho er seld til 27 land.

Ordførar i Time, Andreas Vollsund, står for offisiell og høgtideleg opning av Garborgdagar.

Tid: Måndag 25. januar kl. 19.00
Stad: Storstova
Pris: 200
Arrangør: Garborgdagar

Kjøp billett

Foto: Sara Angelica Spelling.