Førsteamanuensis Dunja Blazevic ved Høgskulen på Vestlandet foredrar på Hulda Garborg sin bursdag.
Årets Hulda-feiring handlar om Hulda sitt folkeopplysningsprosjekt. I løpet av kvelden blir det snakk om bunadar, om flatbrød og korleis gode heimar danna grunnlaget for gode nasjonar.
Blazevic har skrive masteravhandling om Hulda Garborg sitt nasjons- og kvinnesyn, og doktoravhandling med tittelen «Jakten på et fagfelt: den skandinaviske kvinne- og kjønnshistoriens fremvekst i skjæringsfeltet mellom historieforskning og kvinne- og kjønnsforskning.»
Hurra for Hulda!