Huldafest med Uri, Rajah og Drangsholt

Helene Uri. Foto: Julie Pike.
21. september 2022 19.00
Storsalen
200,-

19.00 – 19.45 Hulda 1922, Helene 2022 – foredrag med Helene Uri
Hulda Garborg fyller 160 år i 2022. I dette foredraget legg forfattar, språkvitar og professor Helene Uri seg sjølv og Hulda Garborg under lupa. Korleis var vilkåra for kvinnelege forfattarar i 1922, og korleis er dei hundre år etter? Og korleis såg det litterære landskapet ut i Huldas tid samanlikna med i dag?

19.45 – 20.00 Pause

20.00 – 20.45 Et fritt forhold – samtale med Helene Uri, Tharaniga Rajah og Janne Stigen Drangsholt
Hulda Garborg skreiv fleire skjønnlitterære verk enn Arne Garborg. Kvifor er Hulda Garborgs forfattarskap såpass ukjend? Forfattarane Helene Uri og Tharaniga Rajah møter forfattar og professor Janne Stigen Drangsholt til ein litterær samtale om Hulda Garborgs vesle debutroman, Et fritt forhold frå 1892. Korleis les dei denne teksten i dag, i lys av eigne forfattarskap og livserfaringar?

Kjøp billett her

Vil du lesa Hulda Garborgs debutroman? Klikk her for å lesa «Et frit forhold» på Nasjonalbiblioteket si digitale bokhylle.

Arrangementet skulle ha opna årets Garborgdagar i januar, men vart utsett pga korona. Arrangerast no i samarbeid med Kapittel, Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfrihet.

Foto f.v.: Oda Berby, Tommy Ellingsen, Julie Pike.