Heimfødingar er eit konsept der me blir kjende med nokre av dei lokale forfattarstemmane. Kanskje får me augo opp for den litteraturen som blir skriven i Rogaland i dag? I 2023 får me iallfall opplesingar ved Kristin Hoffmann og Einar O. Risa.
Kristin Hoffmann (f. 1970) er ein norsk journalist og forfattar, oppvaksen og busett i Stavanger. Ho har tidlegare gitt ut to novellesamlingar og ein roman. Ho debuterte i 2011. Alle bøkene hennar har fått god mottaking. Den nyaste boka, novellesamlinga Der hunden ligger begravd (2021) er utgiven på Pelikanen forlag.
Einar O. Risa (f. 1954) er forfattar og tidlegare journalist som debuterte i 1995. Han har sidan skrive over 20 bøker, mange av dei historiske romanar, og mottok mellom anna Tiden-prisen. Romantrilogien M. Kanne & Søn blei plukka ut til Hele Rogaland leser i 2010. Risa er oppvaksen i Sola og Stavanger, men slekta kjem opprinneleg frå Risa i Hå, eit steinkast unna Garborgheimen. Han er nå busett på Bryne.
Arrangørar: Garborgdagar i samarbeid med Rogaland forfattarlag
Arrangementet på Facebook
Foto Hoffmann: Pelikanen. Foto Risa: M. Kanne & Søn.