AVLYST: Heimfødingar

Opplesingar med Øyvind Rimbereid og Ingrid Nielsen

30. januar 2021 15.00
Mellombels ølstove
Gratis
Øyvind Rimbereid.

På grunn av koronasituasjonen ser me oss dessverre nøydde til å avlysa årets Garborgdagar 25.-31. januar.

Berre konserten med Hilde Selvikvåg 30. januar og Trette menn-marsjen 31. januar går som planlagt. Me håpar å setta opp einskilde arrangement på eit seinare tidspunkt.

Me beklagar dette, men bed om forståing for den vanskelege situasjonen me alle er i om dagen.

Me kjem tilbake med meir informasjon om eventuell refusjon av billettar.


Heimfødingar er eit konsept kor me får bli kjende med nokre av dei lokale forfattarstemmane og kanskje få augo opp for den litteraturen som blir skriven i Rogaland i dag.

I 2020 får me opplesingar ved lyrikarane Øyvind Rimbereid og Ingrid Nielsen.

Ingrid Nielsen (f. 1968) kjem frå Stavanger og debuterte i 2016 med diktsamlinga “Hemmelig, men aldri som en tyv”. I 2020 kom diktsamlinga “Den andre Jakobstigen” som blei nominert til Ungdommens kritikerpris. Ho er litteraturvitar og tilsett ved Lesesenteret på UiS.

Øyvind Rimbereid (f.1966) er ein av Noregs mest markerte og nyskapande forfattarar. Han debuterte i 1993 og har sidan gitt ut 13 verk. Han har vunne fleire prisar, mellom anna Dobloug-prisen og Brageprisen, og er to gonger nominert til Nordisk råds litteraturpris.

Konferansierar er Peter F. Strassegger og Ørjan Zazzera Johansen.

Arrangørar: Garborgdagar, Mellombels ølstove, Rogaland Forfattarlag, Garborgsenteret.

Foto Ingrid Nielsen: Kjersti Dahl. Øyvind Rimbereid: Nikita Solenkov.