GILDT: Hulda Garborg si dagbok

28. februar 2016 14:00
Garborgsenteret, Hetlandsgata 11, Bryne

Formidlar Ørjan Zazzera Johansen les og fortel frå Hulda Garborg sine dagbøker, «Dagboksblade frå Kolbotnen 1887-88» og «Dagbok 1903-1914».

I den første bolken møter me den unge og ukjende Hulda Garborg frå ho er nygift (med Arne Garborg) til dei får sitt første barn. I den andre bolken møter me ein etablert forfattar og ruvande kulturpersonlegdom i kampen for likestilling og det norske.

Ho seier sjølv at «Det som staar paa disse Blade er vist og sandt i alle Maader; men negative Løgner er der sikkert mange af. Jeg har en lykkelig Evne til at glemme alt, som ikkje klæder mig» – og dermed blir det spelerom for kvardagshumoristen Hulda Garborg, ho som vakkert og velformulert ser på sin merkelege mann og verda elles med kjærleg skråblikk.

Omvising i Garborgsenteret si utstilling ein time før arrangementet.

GILDT er ein arrangementsserie som foregår i Garborgsenteret si utstilling. Vanleg billett gjeld.

 

Foto: A. Moen.