Forfattarane og dramatikarane Olaug Nilssen og Kristin Auestad Danielsen samtalar om forfattargjerninga og å skriva for scenen, og om arven etter Hulda Garborg. Både Nilssen, Danielsen og Garborg har skrive fram råe, rørande og morosame portrett av jenter i litteraturen. Olaug Nilssen fortel også om prosessen med å modernisera Hulda Garborgs store publikumssuksess Rasjonelt fjøsstell frå 1896, som ho gjorde i samband med Noregs Ungdomslags 125-årsjubileum.
Olaug Nilssen fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. Olaug Nilssen har motteke Brageprisen, Doblougprisen og Fritt Ords pris.
Kristin Auestad Danielsen debuterte med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer i 2005. Ho har fått oppført teaterstykke i Danmark og Noreg og skrive fleire kritikarroste diktsamlingar. I 2018 kom den første romanen hennar, Vår vesle. Teaterversjonen av Vår vesle blei sett opp på Det Norske Teatret hausten 2018. Hennar nyaste roman, Du er bonde (2022) har hausta mykje merksemd og begeistring.
Kjøp billett her
Foto, Kristin Auestad Danielsen: Marian Strand
Foto, Olaug Nilssen: Bent R. Synnevåg