Program for Garborgdagar 23.-27. januar

Dei 7. årlege Garborgdagar

23. januar 2018 - 27. januar 2018
Bryne

Me gler oss til ei spennande, underhaldande og givande veke! I lag med Time kommune, Time mållag, Jæren SeniorUniversitet, Foreininga Snakk!, Ranglerock, Jærkokken og andre har me fått i stand eit program me er stolte av.

Tysdag 23. januar. Debatt: Snakk! om pengar, georgisme og Garborg
Innleiande foredrag ved Rolf Solheim: “Korleis ville Garborg redda verda?”
Arr.: Snakk! | Kl. 20 | Mellombels ølstove | gratis inngang

Onsdag 24. januar. Slam!
Eit uformelt meisterskap i historier og tekstar. Først kviss, så slam.
Arr.: Garborgsenteret og Snakk! | Kl. 19 |Thime Station | Kr 70

Torsdag 25. januar. Foredrag: Dølen mot jærbuen – nye forteljingar om Vinje og Garborg
Ved Ottar Grepstad.
Arr.: Jæren SeniorUniversitet | Kl. 11 | Garborgsenteret | Kr 100

Torsdag 25. januar. Popsongar 2018
Ved Frode Grytten og Øyvind Vågnes
Arr.: Garborgsenteret | Kl. 19 | Garborgsenteret | Kr 200

Torsdag 25. januar. Konsert: Jon Olav
Arr.: Ranglerock | Kl. 21 | Mellombels ølstove | Kr 200

Fredag 26. januar. Konsert: Significant Time møter Arne Garborg
Arr.: Garborgsenteret og Time bibliotek | Kl. 20 | Garborgsenteret | Kr 200

Laurdag 27. januar. Laurdagstimen: Garborg, språk og identitet
Ved Sigbjørn Reime.
Arr. Time bibliotek | Kl. 13 | Time bibliotek/Garborgsenteret | Kr 100

Laurdag 27. januar. Foredrag: Eit brev heim
Ved Peter F. Strassegger.
Arr.: Garborgsenteret | Kl. 15 | Mellombels ølstove

Laurdag 27. januar. Femrettars festmiddag hjå Jærkokken
NB! Avgrensa plassar. Førehandsbestilling hos Jærkokken.
Arr.: Jærkokken | Kl. 19 | Apoteket | Kr 975