Garborgdagar 2022: Foredrag med Per Buvik

27. januar 2022 11.00
Time bibliotek/Garborgsenteret
100/ medl. gratis

Per Buvik: Garborgs Trætte Mænd som ironisk tidsdokument

I 1891 gav Arne Garborg ut romanen Trætte Mænd, som er blitt ein av hans mest lesne og omdiskuterte. Romanen tek temperaturen på eit tidsskilje. Dei politiske kampåra på 1880-talet vart avløyste av ei meir individualistisk, distansert og dekadent tidsånd. I litteraturen veik naturalismen plass for nyromantikk. Garborgs utstrekte bruk av ironi har gitt opphav til svært ulike tolkingar av romanen. Buvik argumenterer i foredraget sitt for at hovudpersonen Gabriel Gram er oppriktig i sin religiøse lengsel og vilje til å endra livet sitt, og at Garborgs ironi ikkje underminerer alvoret i dei problema som romanen tek opp. Per Buvik er professor emeritus i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har særleg arbeidd med fransk litteratur og har vore engasjert i fransk-norsk kultursamarbeid. Buvik har også vore redaktør for tidsskriftet Norsklæraren og redaksjonssekretær i tidsskriftet Edda.

Foredraget er ein del av programmet for Garborgdagar 2022.

Billettsal i døra.

Arr.: Jæren Senioruniversitet.

Foto: Bergen offentlige bibliotek.