Garborgdagar 2022: Garborg og fantane med Sigbjørn Reime

Foredrag av Sigbjørn Reime

29. januar 2022 13.00
Time bibliotek/Garborgsenteret
100,-

Arne Garborg har skrive både om og for fantefolket, dokumentarisk og skjønnlitterært. Det er alltid ein positiv undertone i desse tekstane, som kan vera både smilande, snedige og såre. Mykje av stoffet om fantane var sjølvopplevd, og fanteguten frå nabobygda er ein gjennomgangsfigur, litterært så vel som i det verkelege livet til diktaren.

Sigbjørn Reime er ein populær foredragshaldar og vil fortelja kor, korleis og kvifor fantane fanst i livet til diktarmannen frå Garborg. Han er tidlegare kulturformidlar i Time kommune og har språkmodernisert Arne Garborg sine jærbøker.

Programleiar er Inger Undheim.

Kjøp billett her