Frå odel til litterært felleseige!

Laurdagstimen

19. november 12.00
Storsalen
Gratis

Frå «Siss og Unn» til «Du er bonde» – eller frå «Is-slottet» til «Thelma and Louise»?

Inger Bråtveit og Kristin Auestad Danielsen har skrive bøker som snakkar saman, og denne dagen blir det litterær samtale bøkene imellom, om bygdejenter, vennskap, utanforskap, overgangar og undergangar og greske og jærske tragediar.

Tarjei Vesaas svevar i bakgrunnen og Bråtveit og Danielsen sit på scenen i lag med Stian Ravndal frå Garborgsenteret.

Les meir om Bråtveit og romanen «Siss og Unn» her, Danielsen og «Du er bonde» her.

Foto: Pernille Marie Walvik og Marie von Krogh.

 

Etter samtala blir det danseforestilling på Garborgsenteret. Les meir her.