Garborgsenterets Stian Ravndal og Ørjan Zazzera Johansen tar føre seg fotballitteraturens merkelege verd.
Dei ser på biografiar, romanar, teikneseriar og andre typer bøker. Her er Michelet og Solstad, David Peace’ sine romanar om Liverpool og Brian Clough, David Peace, Nick Hornby, Elleve mann til angrep, Buster, Boing og mykje anna.
Dei leiter fram nokre skattar og kastar andre på bokbålet.
Johansen er sjølv fotballbok-forfattar og har spelt for Rosseland. Ravndal er oppvaksen i Ålgård FK og er ein ihuga Tottenham-supportar.