Heidi Strand Harboe avsluttar Garborgdagar med ei forteljingsstund på Garborgsenteret. Ho vil fortelja spennande historiar frå då Arne Garborg var liten gut og budde med familien sin på Garborg.
«Då Arne Garborg var liten» er ei bok, skriven for å underhalda og å gje kunnskap, for barn og vaksne. Her kan ungane kjenna seg igjen i tankane og grubleriane til den litle Arne, som då heitte Aadne, samstundes som ein får innblikk i korleis det var å veksa opp på Jæren for hundre og femti år sidan.
Etter arrangementet blir det høve til fri leik i Garborgsenteret si utstilling.
Arrangementet er gratis og opent for alle.
Foto: Sunniva Harboe