Forskingsdagane: Det store teaterslaget i Kristiania

2. oktober 2021 13.00
Storsalen
Gratis

Foredrag av Ørjan Zazzera Johansen frå Garborgsenteret. Det gjekk heitt føre seg då Hulda Garborg opna Det norske teatret i oktober 1913. I opningsveka møtte 15000 menneske opp for å protestera mot eit nynorskteater i hovudstaden, og inne i teateret var det blodig slåstkamp mellom gymnasiastar og målfolk. 46 menneske blei arrestert og Oslo sentrum blokkert av dei voldsomme folkemassane.

Teaterslaget er blitt kalla «det største opprøret i Noreg i fredstid». Johansen prøver å forklara kvifor teateret var så kontroversielt og ser på korleis det gjekk føre seg. Me får høyra om «nynorskspionen», bondeungdommane sine mottrekk og korleis det kom noko godt ut av bråket.

Arr.: Garborgsenteret/Forskingsdagane

Teikning: Jens R. Nilssen.