6. desember 19:30
Biblioteket Gratis

Bondeungdomslaget (BUL) i Stavanger inviterer til Folkedanskveld på Garborgsenteret 6. desember kl 19.30.

Vibå Spelemannslag speler opp til kjente og kjære runddansar og turdansar som me kan svinga oss til. Hulda Garborg var den første omreisande folkedansinstruktøren i Noreg. Me synst derfor at det er ekstra gildt at me kan arrangere folkedanskveld hos oss.

I pausen kan du nytta høve til å ta ein runde i den nyopna utstillinga vår: Habitt/Profitt, som stiller spørsmål rundt bruken av bunad i dag. For Hulda Garborg var bunaden del av ein kulturkamp. Er han det i dag?

Er du ikkje kjend med turdans og songdans, kan du likevel komma som publikum og sjå på.

Velkommen!