Ta med minsten på ein polka! Ingenting er så gildt som å dansa i lag med barna og barnebarna sine. På sundag, 12. mars kl. 12, er alle hjarteleg velkomne til familiedans på Garborgsenteret. Me legg til rette for ei gild dansestund på tvers av generasjonane, med enkle dansar til song og spel. Her får ein læra eller friska opp enkle, tradisjonelle folkedansar, og kosa seg med spel og song. Familiedansen har fokus på danseglede for store og små. Opplegget vert tilpassa dei som som kjem, og passar for alle aldrar. I tillegg til dans og musikk, blir det sett fram teiknebord og kaffi og kaker, slik at slitne bein får kvila seg mens drøsen går.
Folkedansen er ei sosial og aktiv arv etter Hulda Garborg, og Garborgsenteret heidrar henne med å halda tradisjonen i live. Hulda sitt folkedansengasjement starta med ei interesse for folkemusikken og folkevisene, og førte vidare til både folkedans og bunadsinteresse. Folkedansrørsla har frå første stund vore ein viktig arena for bunadbruk. Kva er vel meir staseleg enn bunadskledde barn og vaksne som svingar seg i dans? På Garborgsenteret kan du òg sjå utstillinga «Habitt/profitt – bunad i dag» der fleire flotte bunadar er utstilte.