Erik Lukashaugen – Hans Børli i nye tonar m.m.

Sommarkveldar på Knudaheio

17. juni 2021 18.00
Time bibliotek/Garborgsenteret
260,-
NB! På grunn av vêret er denne konserten flytta innandørs til Time bibliotek/Garborgsenteret på Bryne.
Erik Lukashaugen er mest kjend for dei kritikarroste tonesettingane av tømmerhoggardiktaren Hans Børli, men òg for sine eigne levande og jordnære tekstar. Han gav ut debutalbum i 2013 og har sidan turnert jamleg, med over 100 konsertar årleg. Elverumsingen vart nominert til Spellemannsprisen 2018 i klassen for viser og han har tidlegare motteke mellom anna Vidar Sandbecks kulturpris «Regnbågåbrua».
Arrangementet varer 1 time. Som følgje av smittevernreglane, har vi førebels 40 publikumsplassar. Vi bed dei som vil sitje under konserten om å ta med eigen stol. Vi gjer òg merksam på at det ikkje finst noko toalett å nytte på Knudaheio, og at konserten kjem til å verte spelt under open himmel.
Erik Lukashaugen: song, gitar
Tarjei Nysted; fiolin, nøkkelharpe, mandolin m.m.
Bjørge Verbaan: keyboard, trøorgel, trekkspel
Konserten vert arrangert i lag med Nasjonalt Garborgsenter.
Smiegarden på Undheim held ope og serverer forfriskingar fram til 23:00. Ta kontakt med Smiegarden, kultur- og gjestehus om du ønskjer å bestille bord.