22. februar 19:30
Storsalen 100/50 (medl.)
Foredrag ved Magny Karlberg.

Hurra for Hulda Garborg!

På fødselsdagen til «bunadens mor» får me besøk av forfattaren av boka Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise.

Draktskikken i Noreg har røter langt attende i tid og vidt utanfor landet sine grenser. Karlberg fortel om folkedraktene i Valdres i lys av allmenn mote- og drakthistorie og kulturelle og samfunnsmessige endringar frå mellomalderen og fram til 1860-talet. Ho tar for seg det rike samspelet mellom motedrakt og folkedrakt, impuls og tradisjon. Er dei lokale draktskikkane berre fortolkingar av den europeiske motedrakta eller er dei sjølvstendige kulturelle ytringsformer? Er brodert rosesaum berre ein impuls frå den europeiske rokokkomoten eller også ein folkeleg uttrykksform med lange tradisjonar i gamle norske folkedraktområde? Kva er tradisjon, og kva er impuls? Boka har Valdres som geografisk utgangspunkt, men endringar og utvikling i den folkelege draktskikken i dette dalføret finn ein att også i andre tradisjonsområde. Slik bidreg ho til utvida forståing av draktskikken i heile Noreg.

I foredraget vil det vera Valdres som har hovudrolla, og Karlberg kjem særleg til å ta for seg utviklinga av liv og hovudbunader.

Magny S. Karlberg  (f. 1942) kjem frå Øystre Slidre der ho òg bur. Ho har heile livet hatt stor interesse for folkelege drakttradisjonar, og har mellom anna rekonstruert kvinnebunad frå Øvre Valdres. Ho har studert drakt og tekstilvitskap, og var frå 1980-2006 direktør i Bunad- og folkedraktrådet.

Det blir omvising i Garborgsenteret si bunadsutstilling «Habitt/profitt».

Arr.: Garborgsenteret/Folkeakademiet Time/Time bibliotek