Det mørke fastland etter 130 år

Foredrag ved kulturjournalist Jan Zahl.

26. januar 2023 11.00
Storsalen
100 (medl. av Senioruniversitetet gratis)

I artikkelserien «Fra det mørke fastland», som stod på trykk i Verdens Gang januar-mars 1893, teikna Arne Garborg eit dystert bilete av Stavanger og Jæren. Garborg smurde tjukt på, og mange har meint at han var urettferdig. Men uttrykket har blitt hengande ved oss, og ikkje eingong oljealderen har greidd å ta heilt knekken på det.

Det er 130 år sidan Garborg skreiv artiklane sine. Korleis tek dei seg ut i ettertid?

Jan Zahl er frå Bryne og arbeider som kulturjournalist i Stavanger Aftenblad. Han har skrive fleire bøker, mellom anna om Bryne og Kaizers Orchestra.

Arrangør: Jæren Senioruniversitet
Informasjon om arrangementet på Facebook

Foto: Kristian Jacobsen.