Der draumar sviv – Haugtussa i nye tonar

Sommarkveldar på Knudaheio

16. juni 2021 18.00
Knudaheio
260,-
Jorunn Undheim, Bjørge Verbaan og Tarjei Nysted, konsert: Der draumar sviv – Haugtussa i nye tonar.
Arrangementet varer 1 time. Som følgje av smittevernreglane, har vi førebels 40 publikumsplassar. Vi bed dei som vil sitje under konserten om å ta med eigen stol. Vi gjer òg merksam på at det ikkje finst noko toalett å nytte på Knudaheio, og at konserten kjem til å verte spelt under open himmel.
I oktober 2019 gav komponist Bjørge Verbaan og songar Jorunn Undheim ut albumet «Der draumar sviv», som inneheld 14 tonsette dikt frå Haugtussa av Arne Garborg.
Songar Jorunn Undheim vaks opp i Veslemøy sitt rike, på garden der diktarstova Knudaheio i dag ligg, og i naturen som Garborg skildrar i diktsyklusen. Gjennom musikken, og ikkje minst gjennom Sigbjørn Reime si språkmoderniserte utgåve av syklusen, presenterer «Der draumar sviv» ei Haugtussa for vår tid.
Onsdag 16. juni vert musikken framført i hagen på Knudaheio.
Konserten vert arrangert i lag med Nasjonalt Garborgsenter.
Smiegarden på Undheim held ope og serverer forfriskingar fram til 23:00. Ta kontakt med Smiegarden, kultur- og gjestehus om du ønskjer å bestille bord.