Der draumar sviv

Haugtussa i nye tonar

20. oktober 2019 19:30
Storstova (Bryne)

Sundag 20. oktober får vi høyre nykomponert musikk til Haugtussa av Arne Garborg i Storstova på Bryne.

Albumet «Der draumar sviv» er sett saman av 14 nye tonsetjingar av sentrale dikt i diktsyklusen frå 1895.

Komposisjonane er laga på tinging frå Nasjonalt Garborgsenter av Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan. Haugtussa er eit hovudverk i norsk litteratur. Skildringane av kjærleik og lengt, tru og tvil, mystikk og menneskenatur er like aktuelle no som i 1895.

Songar Jorunn Undheim vaks opp på Jæren. Knudaheio, diktarstova til Garborg, ligg på garden til foreldra hennar, og marka rundt er barndomslandskapen hennar. Like ved ligg heiene der Garborg var gjetar som barn, og minna frå den gongen var viktige då han skildra naturen i Haugtussa.

Til Storstova kjem det eit stjernelag av norske musikarar:
Tarjei Nysted (nøkkelharpe, fiolin),
Kjell Harald Litangen (gitarar),
Jan Olav Renvåg (kontrabass),
Christian Svensson (trommer),
Erlend Lygren (perkusjon)
Hanne Vasshus (vokal),
Bjørge Verbaan (tangentar),
Jorunn Undheim (vokal) og
Kjell Olav Stangeland skal lesa dikt.

Tonesetjingane føregår i ein akustisk landskap, der teksten står i sentrum. Musikken følgjer visetradisjon, fargelagd av pop, folkemusikk og jazz.

Høyr intervju med Undheim på NRK her

Kjøp billett på storstova.com